Framtidskonferanse i Balestrand 20. september

Framtidsvisjonar- og scenario, gründererfaringar, integrering og medverknad er blant tema på framtidskonferansen på Kviknes Hotel 20. september. Konferansen er ein del av hovudmarkeringa av 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane.

Presentasjonar frå konferansen

Sjå opptak frå framtidskonferansen

Målet med konferansen er å løfte og skape debatt rundt problemstillingar som er relevante for framtida til fylket. Målgruppa for arrangementet er blant andre ungdom, studentar, ordførarar, rådmenn og næringslivsaktørar.

Avsluttar med paneldebatt

Ungdomsgrupper og elevverksemder vil presentere scenario og visjonar for Sogn og Fjordane på konferansen. Unge gründerar deler erfaringar med å skape og drive bedrift her i fylket. I tillegg rettar konferansen også merksemda mot vellukka integrering av minoritetar, og kva som skal til for å sikre auka medverknad i samfunns- og arbeidsliv.

Ungdomsvisjonane og andre programbidrag utgjer bakteppet for ein paneldebatt om framtidsutsiktene for Sogn og Fjordane.

Fullstendig program for framtidskonferansen

Meld deg på konferansen
Påmeldingsfristen er 26. august 2013.

Gründercamp i forkant

Før sjølve framtidskonferansen vert det arrangert ein gründercamp for ungdom på Skei 12. og 13. september. Der får ungdom og elevbedrifter frå heile fylket høve til å arbeide med scenario, forretningskonsept og samfunnsmodellar for framtida i Sogn og Fjordane.

To av bidraga frå denne gründercampen får presentere seg frå podiet på framtidskonferansen i Balestrand. Andre bidrag får presentere og stille ut visjonar og framtidsmodellar i lobbyen på hotellet.

Fylkesjubileet Sogn og Fjordane 250

For meir informasjon

Edvin Helgheim
prosjektleiar fylkesjubileet
edvin.helgheim@sfj.no
415 34 943

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut