Framtidsfylket styrkar næringslivet

- Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal i helga. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga.

– Samlinga var hektisk, men svært vellukka, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot. Ho gjorde ein ny vri i år, og utfordra årets kull til å invitere alle traineeane opp gjennom åra, traineebedriftene og aksjonærane i Framtidsfylket. – Dei gjorde ein kjempejobb med planlegging og gjennomføring av det sosiale og faglege programmet, og fekk synt at dei taklar utfordingar svært godt, rosar van Oorschot.

Raskare start på karriere

– Det beste med traneeordninga var at eg vart fort kjent med fylket, fekk møte andre høgt utdanna unge og fekk raskt eit godt innblikk i næringslivet. Det er langt meir spennande enn mange er klar over, meiner ein av traineeane.

Det svaret, i tillegg til ord som ”kjekt, spennande og personleg utviklande”, er felles når mange av dei skal oppsummere året som er ein del av satsinga til Framtidsfylket.

Med blikket vendt heimover

– Eg reiste mykje meir i eige fylket som trainee, enn eg har gjort tidlegare. Og innsåg fort at eg ikkje kjende fylket mitt i det heile, seier Monica Lystad.

Ho har halde fram med å arbeide ved SFE.

– Eg har ein mastergrad i samfunnsgeografi, og hadde blikket vendt heimover. Då eg fekk sjansen på traineestilling i Høyanger Næringsutvikling, nølte eg ikkje, seier Synne Vefring. I dag har ho HNU som arbeidsplass.

Traineeåret har gitt dei alle ei betre oversikt og eit nettverk spreidd over heile fylket.

Flygande start på karrieren

– Eg hadde nok aldri våga å søkje som nyutdanna på ei stilling som forskar. Traineeordninga ga meg ein unik sjanse til å bli kjent med arbeidsplassen, seier Idun A. Husabø.

Også ho er blitt verande i traineebedrifta Vestlandsforsking. Husabø er eit godt døme på at ordninga har gjort arbeidsplassen meir mangfaldige, og senka gjennomsnittsalderen på dei tilsette. Det har ført til at bedrifta er blitt styrka i kampen om dei høgt utdanna unge.

– Kunnskap er nøkkelen

– Vi håper denne type samling kan bli tradisjon, seier van Oorschot, som fekk god tilbakemelding frå dei tre ulike gruppene.

Ho sette stor pris på å få besøk av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ministeren er godt orientert om Framtidsfylket og dei utfordringane næringslivet har.

– Det er viktig at næringslivet gjer seg interessant nok for skarpingane med høg utdanning, sa ho.

– Då er Framtidsfylket og traineeordninga viktige grep, la ho til.

Fakta: Framtidsfylket - Trainee i Sogn og Fjordane

Verksemder frå heile fylket, både offentleg og privat, er med i ordninga. Desse tilset traineen for eit år og stiller med mentor.

Hovudmål: Styrke konkurransekrafta og innovasjonsevna til næringslivet, gjennom å auke talet på unge menneske med høg utdanning, som vil arbeide og bu i fylket.

Målgruppe: Unge vaksne under 35 år med minimum tre år høgare utdanning, og maksimum tre år med arbeidserfaring etter avslutta utdanning.

Nettverksbygging og fellessamlingar undervegs gjer traineeane godt kjende med næringslivet i heile fylket. Personleg utvikling, det sosiale og aktivitetar som lagbygging er ein viktig del av opplegget.

Nytt kull startar i august 2010 med 11 traineear.

www.framtidsfylket.no

Del dette:

Relaterte lenker