Framtidsfylket sette publikumsrekord

Måndag 27. januar sette Sogn og Fjordane publikumsrekord då næringsliv og offentleg sektor inviterte til karrieremesse i Trondheim.

– For eit fantastisk oppmøte! Vi er kjempenøgde med at så mange studentar prioriterte oss ein måndagskveld, seier dagleg leiar i Framtidsfylket og arrangør av karrieremessa, Gro Rukan.

300 nysgjerrige studentar og arbeidssøkjarar møtte opp då verksemder frå Sogn og Fjordane hadde teke turen til Trondheim og Rica Nidelven Hotel. På dei 26 standane fekk dei møte representantar frå eit breitt spekter av fagområde.

– Vi har aldri hatt så godt oppmøte i Trondheim tidlegare. Vi trur mange vart positivt overraska over kva moglegheiter fjordfylket har å by på for dei med høgare utdanning, seier Rukan.

Fylkeskommunen på plass med eigen stand

– Fleire unge studentar var innom standen vår, og spesielt traineeordninga vår er det mange som gjerne vil vite meir om, seier Lisbeth Bringebøen, ein av dei tre som stod på stand frå fylkeskommunen.

I år er fylkeskommunen på jakt etter to traineear. Dette er ein jurist til samferdsleavdelinga, og til næringsavdelinga ynskjer vi ein trainee med kompetanse innan økonomi- og/eller administrasjonsfag.

Fylkeskommunen har delteke på karrieremessene til Framtidsfylket kvart år sidan starten.

Vil gje studentar det lille ekstra

Arrangementa til Framtidsfylket er lagt til hotell av høg kvalitet, med ønskje om å gje studentane litt ekstra merksemd. På programmet i Trondheim stod god mat og drikke samt underhaldning og føredrag frå scena.

I år fekk dei frammøtte gleda av å høyre den ukuelege optimist og motivator Rasmus Mo frå Sogndal Fotball med sitt motivasjonsføredrag ”Stolt og Dønn Ærleg”. Trekkspelvirtuosen Linda Gytri fanga publikum med sjarm og musikalske dyktigheit.

Gjestar og standhaldarar vart til slutt invitert vidare til etterfest og releasekonsert på Familien med Bremangerbandet Laila B Band.

Åttande året i Trondheim

Det er det åttande året Framtidsfylket tek turen til karrieremesse i Trondheim, og Gro Rukan peikar på viktigheta av å vere synleg over tid.

– Rekrutteringsarbeid handlar mykje om å skape interesse i ein tidleg fase, for å kunne vere med i konkurransen når dei nyutdanna skal gjere gode val for framtida.

For meir informasjon om karrieremessa til Framtidsfylket i Trondheim, kontakt:

Gro Rukan
gro@framtidsfylket.no
91321392

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut