Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.
Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.

Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Anna Wuttudal/Fjordabladet

Framleis ledige plassar på plansamling

Tema for plansamlinga i Sogndal 29.–30. oktober er frå visjon til reguleringsplan og stadutvikling.

Samlinga gir ei innføring i planprosessar og fagleg påfyll i arbeidet med reguleringsplanar og stadutvikling, og er ein arena for alle aktørar som er involverte i planarbeid og utbyggingsprosjekt. Medverknad i planprosessar vil vere eit gjennomgåande tema. God forståing for alle delar av planarbeid kan føre til betre samarbeid, som vidare kan resultere i gode, realistiske og gjennomførbare prosjekt.  

Til no har 85 personar meldt seg på plansamlinga, og det er deltakarar frå kommunar – både folkevalde og administrasjon, konsulentfirma, næringsorganisasjonar og statlege forvaltingsorgan. Fristen for å melde seg på samlinga er 9. oktober.

Samarbeid viktig i sentrum

For politikarar vil plansamlinga gi fagleg informasjon ein kan nytte som bakgrunn i avgjerder. Samstundes kan det vere nyttig å sjå korleis andre kommunar arbeidar, frå politiske visjonar til gjennomføring i planarbeid.   

For å få til gode planar er det viktig at involverte aktørar får kome tidleg på bana og delta i utarbeidingsprosessen. Dette gjeld særleg i sentrum og tettstadar, der mange aktørar er samla på eit mindre område. I sentrumsområde er det spesielt viktig med samarbeid, for å spele kvarandre gode og skape eit fellesskap alle kan dra nytte av.  

Her kan du sjå heile programmet for samlinga.

Klikk her for å melde deg på samlinga.  

Plansamlinga er i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Distriktssenteret og KS.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut