Frå "Pupp til kopp" i 14 kommunar!

"Frå pupp til kopp" skal fremme bruk av vatn som tørstedrikk for dei aller minste, og er eit av fleire tiltak fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding" gjennomfører for å redusere sukkerinntaket hjå barn og unge.

På 1/2-års kontrollen får foreldre og barn i kommunane Eid, Årdal, Balestrand, Høyanger, Luster, Sogndal, Jølster, Førde, Vågsøy, Selje, Fjaler, Hornindal, Vik og Aurland utdelt ein babykopp som berre skal brukast til vatn. Dei får også ei brosjyre om kvifor prosjektet er igangsett. Helsestasjonen i kommunane står for utdelinga. Idèen til prosjektet kom frå Eid kommune, og er igangsett av Sogn og Fjordane fylkeskommune som del av fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding". Tannhelsetenesta er ein sentral pådrivar og samarbeidspart i prosjektet.

Vatn som tørstedrikk er ein viktig del av den generelle helsa og tannhelsa til barn, og for lite væske kan gjere barna trøytte og lite opplagde. Kosthaldsundersøkjingar viser at ein stor del av det sukkeret barna får i seg kjem frå drikke som til dømes saft, brus, sjokomjølk, juice og nektar. Med prosjektet ynskjer folkehelsa å avgrense bruken av sukkerhaldig drikke, og vender seg på denne måten til foreldra. Saman med eit sunt kosthald, vil bruken av vatn som tørstedrikk vere med på å gje barna ein god start.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette