Fotokonkurranse – fritid i Sogn og Fjordane

Kva driv du med i heimbygda di? Fylkeskommunen vil syne korleis «sognogfjordingar» nyttar fritida si og har skipa ein open fotokonkurranse på Facebook for å få fram mangfaldet. Førstepremien er 5000 kr.

– Vi treng å fortelje at vi har meir enn fantastisk vakker natur i fylket vårt. Vi må vise korleis vi brukar han, i tillegg til alt anna vi har av aktivitetar og møteplassar, seier Ingvild Ramstad, informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konkurransen er open for alle, og biletet skal vere av ein aktivitet i fylket, gjerne med folk i motivet. Aktiviteten kan vere alt frå danseverkstad og jakt, til bading og filmklubb. For å vere med, publiserer du sjølv inntil to bilete på Facebook-gruppa «FOTOKONKURRANSE SFJ» innan 1. desember 2013.

Konkurransen vert arrangert for fylkeskommunen av elevane i 3MIK ved Sogndal vidaregåande skule.

Vinnarbileta skal nyttast i omdømearbeidet til fylkeskommunen for fylket, til dømes på karrieremesser og i ymse presentasjonar. Målet er å få fleire tilflyttarar til fylket, gjennom å vise fleire ulike sider av Sogn og Fjordane.

Førstepremien er 5000 kr, og andrepremien 3000 kr.

Gå til fotokonkurransen på Facebook. (Du må logge inn på Facebook for å kome til gruppa).

For meir informasjon

Ingvild Ramstad
informasjonssjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: ingvild.ramstad@sfj.no
tlf.: 975 14 466

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut