Fridtjov Urdal fortel om skulekvardagen sin
Fridtjov Urdal fortel om skulekvardagen sin

Fridtjov Urdal fortel om skulekvardagen sin. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Miriam Kayser Digernes.

Forteljarkafe på Kystmuseet

Den første Forteljarkafeen gjekk av stabelen onsdag 6. oktober på Kystmuseet i Florø. 

Skuleminne frå Fridtjov Urdal

Det vart ei vellukka samling med godt oppmøte og mange forteljingar om temaet «Min skulekvardag». Ordkunstnar og kulturformidlar Fritjof Urdal fortalte om minner frå si eiga skuletid på Årebrot. Mellom anna var det berre ein elev per klassetrinn, noko som førte til ein del repeterande pensum for elevane.

Etterpå var det fleire av deltakarane som delte både morosame og tankevekkande minner frå sin eigen skulekvardag.

Bli med på neste Forteljarkafe

Arrangørane for kafeen var Flora kommune ved prosjektet "LEV VEL", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune ved prosjektet "Skulen min". 

Vi håper like mange vil vere med på neste samling onsdag 2. november med temaet «Skulesong»! 

Forteljarkafe på Kystemuseet i Florø.jpg
Jorunn Bakke Nydal og Sigrun Espe frå Sogn og Fjordane fylkeskommune opnar Forteljarkafeen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Miriam Kayser Digernes

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00