Singerheimen i Olden
Singerheimen i Olden

Forslag om freding: Dalheim/Singerheimen

Sogn og Fjordane fylkeskommune føreslår å frede Dalheim, også kjent som Singerheimen, gnr. 86 bnr. 27 i Stryn kommune.

Fredingsforslaget etter kml § 15 femnar om villa, bungalow, studio, mausoleet, drengestova/tenarbustad, kaféen med eldhus, stabburet, driftsbygningen, vedhus, samt fyljande element i hagen: bakkemurar, tre, jordkjellar og stiar, i tillegg til lause gjenstandar.

For å sikre verknaden av anlegget i miljøet mv., er det vidare føreslått at eit område omkring kulturminnet vert freda med heimel i kml § 19.

Forslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn i Stryn kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune/ Vestland fylkeskommune.

Nærare opplysingar frå du hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2 6863 Leikanger, tlf.: 57 63 80 00, www.sfj.no
(etter 1. januar 2020: Vestland fylkeskommune, post@vlfk.no, www.vestlandfylke.no, tlf. 05557

Eventuelle merknadar til fredingsforslaget må sendast til Vestland fylkeskommunen innan 20. februar 2020.

dalheim singerheimen.png

Dokument i samband med fredinga

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00