Fylkeskommunen har laga to planar som omhandlar energi.
Planrapporten er i hovudsak ei kartlegging av registrerte verdiar innanfor planområdet.
Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging vart vedteken av fylkestinget 11. desember 2012.
Planrapporten er i hovudsak ei kartlegging av registrerte verdiar innanfor planområdet. Fagtema som er kartlagt er; landskap, biologisk mangfald, inngrepsfrie naturområde (INON), fisk og fiske, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv og reiseliv.
Planen er spesielt innretta i høve til småkraftverk med installasjon frå 1 MW og oppover til 10 MW, men vil likevel kunne vere relevant som database og referansegrunnlag i høve vasskraftutbygging generelt. I samband med enkeltsaker kan denne planen brukast til å skaffe seg kunnskap om kva retningsliner som gjeld, og til å få ei grov oversikt over kva verdiar som er registrert i ulike område. Dette er ein regional plan som i fyrste rekkje skal ta i vare regionale og nasjonale interesser og difor er lokale interesser berre i liten grad tema i denne planen.
Planen inneheld vurderingar kring kva område på kysten av Sogn og Fjordane som eignar seg for vindkraftsatsing.
I område med gode vindressursar er det mellom anna vurdert kor stort potensialet for konflikt er mellom etablering av vindkraftanlegg og eit utval andre arealinteresser. Vi har delt inn i område med lite, middels eller stort samla konfliktpotensial.
Primært ynskjer fylkeskommunen at område med lite eller middels samla konfliktpotensial er dei som vert vurderte for vindkraftutbygging. Innanfor område med lite eller middels konfliktpotensial er det meir enn nok areal til å kunne oppfylle produksjonsmålet, på 3 TWh/år.
I den politiske del av planen (i kapittel fire) er det gitt retningsliner for vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane. Dei er som følgjer:
Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova, kapittel 8. Det vil mellom anna seie at framlegg til plan har lege ut til offentleg ettersyn (sommaren/hausten 2010). Det kom inn over 40 høyringsfråsegner. Nokre av desse er teke omsyn til, heilt eller delvis, medan andre har ikkje fått innverknad på vedteken plan.
Regional plan for vindkraft vart vedteken av fylkestinget 8. juni 2011.
Les møteprotokoll frå fylkestinget si handsaming av planen
Les samandrag av høyringsfråsegnene, m/tilbakemelding
Les alle høyringsfråsegnene (i «fulltekst»)