Fornybar energi og regional utvikling

Fokus på grøn industriutvikling og fornybar energikjelder opnar eit stort potensiale for næringsutvikling i fylket. 26. august vert utkast til strategi for fornybar energi og regional næringsutvikling presentert på ein konferanse i Florø.

Diskusjon om strategiframlegget vil vera eit sentralt punkt på dagsorden.

Regional næringsutvikling vil også handle om å knyte tettstadane i fylke tettare saman gjennom redusert reisetider. Samferdsel er såleis sentralt for å hente ut potensialet innan fornybar energi.

Tre seksjonar

Konferansen har tre seksjonar:

  • Rammevilkår for fornybar energi.
  • Dialogmøte med framlegging av forslag til stratetegiplan for fornybar energi i Sogn og Fjordane.
  • Regional næringsutvikling med vekt på samferdsel.

Arrangørar

Bak konferansen står VRI Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sunnfjord2020, Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Næringsråd og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00