Foto frå dagsturhytta Eikjabu i Luster
Foto frå dagsturhytta Eikjabu i Luster

Dagsturhytta Eikjabu i Luster var første stopp på dagsturhytteturneen for forfattar Anders Totland. (Foto: Siv-Merethe Hatlem/fylkesbiblioteket)

Forfattarmøte på dagsturhyttene

Forfattar Anders Totland er på turné på fleire dagsturhytter i indre Sogn for å møte og diskutere klima med ungdomsskuleelevar.

Foto av forfattar Anders Totland i dagsturhytta i Luster.

Turneen er i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Den kulturelle skulesekken. Denne veka gjekk turen med båt til Eikjabu i Luster saman med 200 elevar. Til saman 674 ungdomsskuleelevar frå åtte skular deltek på turneen.

Målet med tilbodet er at kombinasjonen tur, natur og litteratur vil gje ei spanande og lærerik ramme for elevane.

Kva skjer med jorda?

Anders Totland har skrive teksten Kunsten å nesten bli vegetarianar særskilt for denne turneen. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.

Elevane får ta del i ein samtale som skal både utfordre og provosere. Korleis står det til med eigen livsstil, er vi eigentleg villige til å gjere grep i måten vi lev liva våre på? Forfattaren vil også gje ungdomane eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idear, kvar finn han inspirasjon og kvifor skriv han for ungdom.

Sjøvegen til hytta i Luster

Sidan dagsturhytta Eikjabu i Luster ligg ved fjorden, var det naturleg å ta sjøvegen, og elevane vart skyssa med RIB-båtar frå Gaupne.

Totland dannar eit bilete av turen på bloggen sin:

Berre sjå det føre deg: Nokon og tjue åttandeklassingar i flytedrakt og redningsvest, med skibriller og lue, sig gjennom vatnet på ein RIB med 500 hestekrefter. Ut av høgtalarane kjem noko pompøs og svulstig Grieg-musikk, medan sola bryt gjennom skyene og stiller både fjorden og fjella i sitt aller finaste lys. Ti minutt seinare går dei i land, plukkar med seg eit vintereple frå treet utanfor hytta, og set seg til rette for å lytta til dagens attraksjon (som om eg kan konkurrera med RIB-køyringa, liksom).


Bilete frå forfattarturne med DKS på dagsturhytta Eikjabu

Ein heilt ekte og levande forfattar

Vel framme på hytta presenterte Totland seg som ein ekte og levande forfattar. Dette er noko han har plukka opp frå presentasjonar om seg sjølv frå tidlegare forfattarbesøk på skular.

– For alle forfattarar er vel døde og ikkje ekte? spurte Totland retorisk til elevane.

Svaret er litt nervøs småhumring frå elevane, det å tøyse om lærarane er ein sikker måte å få dei med. Så gjekk Totland inn på klima, miljø og dei store spørsmåla som verda står overfor i dag, men på ein måte som både fenga og engasjerte ungdomsskuleelvane.

Samarbeid mellom fleire aktørar

Initiativet til ein forfattarturné på dagsturhyttene kom frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Turnéen er eitt av tre tiltak som fylkesbiblioteket søkte om og fekk midlar til frå Nasjonalbiblioteket for å gjennomføre i samband med satsinga på det nynorske turbiblioteket på dagsturhyttene.

I samarbeid har fylkesbiblioteket og Den kulturelle skulesekken teke ideen vidare og tilbydt skular i indre Sogn å vere med på turneen som ein del av DKS-programmet dette skuleåret. Samarbeidet involverer også folkebiblioteka i kommunane. Dersom turneen vert teken godt i mot er det tenkt å vidareføre han til andre stader i fylket.


Bilete frå forfattarturne med DKS på dagsturhytta Eikjabu

Tid og stad for turneen

  • Dagsturhytta på Ytre Eikum i Luster 9., 10. og 11. september
  • Dagsturhytta på Eggjahaugane i Leikanger 12. september
  • Dagsturhytta på Balastølen i Balestrand 13. september
  • Dagsturhytta på Moakamben i Årdal 16., 17. og 18. september
  • Dagsturhytta på Mjølkeflaten i Lærdal 19. september
  • Dagsturhytta på Vinjaåsen i Aurland 20. september

Fullstendig turnéplan med klokkeslett for alle førestillingar.

Om forfattaren

Forfattar Anders Totland (1986) har dei siste åra gitt ut fleire bøker på nynorsk for barn og unge. I år er han aktuell med «Nattmannen» (2019). Den siste romanen «Nedteljing» (2018) er ei av bøkene som ungdom sterkt anbefaler på uprisen.no – kåringa av årets ungdomsbok. «Den norske slavehandelen» (2018), «Så lenge ingen ser oss» (2017) og «Engel i snøen» (2016) har hausta gode kritikkar og slår også godt an hos unge. Totland sine skjønnlitterære bøker passar godt også for uvante lesarar eller dei med ulike lesehemmingar som treng tilrettelagd litteratur.

Del dette: