Passasjerbåt frå Fjord1 i fart.
Passasjerbåt frå Fjord1 i fart.

Foto Fjord1

Forbyr kjøp av Fjord1

Konkurransetilsynet forbyr Torghatten sitt kjøp av eigarandelar i Fjord1. Årsaka er at kjøpet fører til ein vesentleg begrensning av konkurransen i markedet for drift av ferjesamband i Norge, skriv konkurransetilsynet i ei pressemelding i dag.

– Eg er overraska sidan Torghatten har sett i gang større strukturelle tiltak og andre avbøtande tiltak. Eg trur også bransjen generelt sett er overraska fordi dei har trudd at det ville vere mogleg med ei konsolidering frå fire til tre selskap, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Vi trudde på ei godkjenning, men vi har også førebudd oss på dette utfallet. No må vi sjå på vedtaket som Konkurransetilsynet har gjort før vi bestemmer oss for kva vi gjer vidare.

Pressemelding frå Konkurransetilsynet

Kontaktpersonar:

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932


 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut