Folketråkk; ein nasjonal rettleiar for medverknad

Den 23. august vart første del av ein nasjonal medverknadsplattform, ein rettleiar for medverknad, som skal hjelpe kommunar, planleggarar, arkitektar, eigedomsutviklarar og andre aktørar til å gjennomføre medverknad på ein føremålsteneleg måte til rett tidspunkt i planprosessen etter plan- og bygningsloven, med dei rette målgruppene. 

Rettleiaren er utvikla av Design og arkitektur Norge (DOGA), mellom anna i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Målet er å sikra tidleg involvering av innbyggarar som igjen gir betre kvalitet i sluttresultatet, - ei meir demokratisk stadutvikling

Medverknadsrettleiaren tilrår utprøvde metodar,- og verktøy tilpassa ulike plantypar og fasar i ein planprosess etter plan- og bygningsloven. Rettleiaren skal vera ein levande plattform som jamnleg vert oppdatert med nye metoder, verktøy og døme, samt relevant lovverk og statlege føringar. Klikk inn på medverknadsrettleiaren, bli inspirert og ta den i bruk.

Les meir her:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette