Illustrasjonsfoto av frivillig arbeid

Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Folkehelseoversikt

Alle kommunar skal ha naudsynt oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorane som har innverknad på denne. Dette går fram av Folkehelselova.

Oversikta skal mellom anna baserast på kunnskap fylkeskommunen gjer tilgjengeleg. Sogn og Fjordane fylkeskommune har, i samarbeid med Folkehelseinstituttet, gjennomført ein Fylkeshelseundersøking våren 2019. Resultata frå denne undersøkinga er eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunane å nytte i arbeidet med folkehelseoversikt.

Folkehelseoversikta skal identifisere folkehelseutfordringar i kommunen, og i tillegg inkludere konsekvensar og årsaksforhold.

Slik får du eit godt oversiktsdokument

For å få eit godt oversiktsdokument på ein vurdere all informasjon, og vere særskilt merksam på trekk ved utviklinga som kan skape, eller halde ved like, sosiale eller helsemessige problem. Sikre at planlegging og tiltak er kunnskapsbasert. Følg utviklinga over tid og vurder effekten av tiltak som blir sett i verk. Kjernespørsmål i desse vurderingane er:

  • Kvifor har situasjonen oppstått og kor viktig er den for helsa til befolkninga?
  • Kva kan vere konsekvensane av å ikkje gjere noko?
  • Er det særskilte samfunnstrekk som har skapt situasjonen?
  • Kan utviklinga føre til sosiale helseforskjellar?

Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om. Hald fokus på kva som trengst av informasjon, framfor kva som finst av informasjon.

Som kjelder til arbeidet kan du bruke statistikk, og lokale erfaringar. Klare data skal ha større vekt enn skjønsmessige vurderingar. Fagpersonar og organisasjonar i kommunen kan og vere gode kjelder til arbeidet.

Kommunane kan òg nytte Helsedirektoratet sine hjelpesider  for rettleiing i lokalt folkehelsearbeid.

Oversiktsdokumentet skal utarbeidast etter Forskrift om oversikt over folkehelsa, og innehalde følgjande punkt:

  • befolkningssamansetnad
  • oppvekst- og levekårsforhold
  • fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
  • skadar og ulykker
  • helserelatert åtferd
  • helsetilstand

Læringsverkstad for kommunane

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar arrangerer hausten 2019 tre læringsverkstadar for kommunane som går på utarbeiding av folkehelseoversikt. Her finn du meir informasjon:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378