Folkehelsekommunar set fokus på nettvett

Blink, msn og chat er daglegdags for ungar langt ned i barneskulen. Mange foreldre veit ikkje kva som føregår på slike internett-sider og kva ungane deira kan bli utsette for på nettet. Difor har it-sjefen i Sogndal starta informasjonsmøter om nettvett.

- Me tek tak i dette no fordi me såg at det var liten eller ingen informasjon til foreldre og lærarar på grunnskulestega på dette området. Samstundes ser me at borna vert yngre og yngre når dei byrjar å bruke internett, fortel Solfrid Helvik it-konsulent i Sogndal kommune.

Fleire møter

Tiltaket er ein del av folkehelsearbeidet i kommunen. Prosjektet er starta opp av SLT (Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak), på initiativ frå kommunalsjef/folkehelsekoordinator Inger Pedersen. SLT er eit samarbeid mellom Sogndal kommune, Leikanger kommune og politiet. Hittil har dei arrangert eitt møte for foreldre i Sogndal, men dette er berre byrjinga.

- Vi tek sikte på å halde føredrag på foreldremøter på alle grunnskulane i Sogndal kommune, samt Leikanger kommune. På barneskulane vert det i fyrste rekkje foreldre og lærarar me rettar oss mot, medan på ungdomsskulen vert det nok óg elevane, seier Helvik.

Overraska foreldre

- Foreldra blir nok litt overraska over korleis ungane nyttar internett, og samstundes erkjenner veldig mange foreldre at dei veit altfor lite om internett og kva farar ungane kan komme ut for der.

- Har du konkrete råd til ”mottiltak” frå foreldre og skulane, forutan å følgje med på kva dei unge driv med på nettet?

- Foreldre må være aktive, få opplæring frå borna i korleis dei nyttar til dømes. msn, snakke med borna, og lære dei opp i nettvett reglane. Eit anna godt tips til foreldre er å ha PC-en ståande i fellesrom og ikkje på barnerommet, seier it-konsulenten.

- Har de oppfølging også med dei det gjeld, -altså ungane - og skulane om dette temaet?

- Vi har gjeve opplæring til lærarar og me ser at lærarane har sett fokus på dette i etterkant av møta me har hatt. Me trur at det no er viktigast å informere foreldre og lærarar slik at dei kan ta dette vidare med borna. No har me planlagt ei lang rekkje foreldremøter, så vil det verte vurdert i etterkant korleis ein skal gå vidare, avsluttar Solfrid Helvik.

Relatert sak

Del dette:

Relaterte lenker