Folkehelsedagane 2009 - to vellykka konferansedagar!

Flinke førelesarar på viktige tema gjorde at Folkehelsedagane 2009 den 26. og 27. november vart eit vellykka arrangement. Frå fleire av dei 90 deltakarane fekk arrangørane svært gode tilbakemeldingar.

Samhandling og planlegging for betre folkehelse knytt spesielt til folkehelselova, plan- og bygningslova og diskriminerings- og tilgjengligheitslova, og til gjenomføring av samhandlingsreform var hovedtema for konferansen. Folkehelselova pålegg fylkeskommunane nye oppgåver og ei forsterka leiarrolle for den regionale partnarskapen. Dette gjev oss også eit nytt handlingsrom. Samhandlingsreforma vil føre til store endringar i kommune- og spesialisthelsetenesta, og får også betydning for fylkeskommunen og Fylkesmannen sine rollar i folkehelsearbeidet.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes opna konferansen.

Her finn du føredraga på konferansen:

Avdelingsdirektør Ole Trygve Stigen i Helsedirektoratet

"Viktige utfordringar i folkehelsearbeidet" og "Helsetilstand og påverknadsfaktorar"

Eva Jakobsen Vaagland, leiar for Skadeforebyggende forum: Skader og ulykker

John Roger Andersen, stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: Ernæring

An-Magritt Litner, rådgjevar i Kreftforeningen: Tobakk

Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Flora kommune: Sektorovergripande folkehelsearbeid

Anders Paulsen, samfunnsutviklingssjef i Gran kommune: Kommunal planlegging som verktøy

Solfrid Fossberg, rådgjevar i fylkeskommunen: Universell utforming som premiss for deltaking

Audun Heggestad, fylkessekretær i Trygg Trafikk: Trafikktrygging og folkehelse realisering av 0-visjonen

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette