Folkehelsedagane 2009 - "Samhandling og planlegging for betre folkehelse"

Folkehelsearbeidet går inn i ei ny fase frå 2010 pga Folkehelselova og Samhandlingsreforma. Andre viktige lover er Ny planlov og Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova. Samhandling og planlegging er difor tema for Folkehelsedagane 2009 som vert halde 26. og 27. november på Rica Sunnfjord Hotell i Førde

Fylkeskommunane har frå 2010 fått eit lovfesta ansvar for folkehelse gjennom Folkehelselova og forvaltningsreforma. Hovudoppgåvene etter lova er å fremje folkehelse innan forvaltning, tenesteyting og drift, hjelpe kommunane i deira arbeid og ha oversikt over relevante helsetilhøve og faktorar som påverkar helsa i befolkninga.

Samhandlingsreforma legg vekt på førebyggande arbeid innanfor helsesektoren og på område der helse samarbeider med andre sektorar. Dette fokuset er svært bra og etterlengta. Den store utfordringa vert å få til eit godt samarbeid mellom helse og andre sektorar, samt å gje det primærførebyggande arbeidet gode vilkår i ei tid då ressursar først og fremst vert kanalisert inn i helsesektoren. Samhandling og planlegging er viktige stikkord forå få dette til.

Konferansen er gratis. Deltakarane betaler eiga overnatting og servering. Prisar er oppgitt på påmeldingsskjemaet som ligg på Fylkesmannen si nettside.

Program

Del dette:

Relaterte lenker