Folkehelsa arrangerer nettverksmøte for Danseverkstadane!

Stor aktivitet, ansvarlege unge instruktørar, iver og danseglede er det som kjenneteiknar Danseverkstadetableringa i Sogn og Fjordane. Samla har dei 14 danseverkstadane i fylket omlag 1400 elevar fordelt på mange dansegrupper, og er eit viktig lokalt fritidstilbod!

12 ungdommar og 10 vaksne frå 10 kommunar deltok på den fyrste av tre nettverksamlingar i 2010 for Danseverkstader i fylket. Plan- og samfunnsavdelinga har ansvar for å drifte nettverket som er blitt ein viktig møteplass for unge og vaksne leiarar i kommunane.

På dagsorden sto tema som utdanning av nye instruktørar, instruktørrolla og ung-instruktørane sitt ansvar i drifta av danseverkstadane. Korleis gjere det interessant for gutar å danse er eit tilbakevendande tema som vart debatert. Nokre kommunar hatt eigne kurs for gutar som har vore vellukka for rekrutteringa, og som kan fungere som modell for andre kommunar.

Det er viktig at danseverkstadane kan få hjelp og støtte i den dagalege drifta frå fylkeskommunen, men like viktig er det at verstadane kan vere ressursar for kvarandre. Nettverksmøta er såleis ein viktig møteplass.

Program for samlinga PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette