Fylkesrådmann Tore Eriksen sit på kontoret sitt. Foto: Oskar Andersen
Fylkesrådmann Tore Eriksen sit på kontoret sitt. Foto: Oskar Andersen

Fylkesrådmann Tore Eriksen. Foto: Oskar Andersen

Fokus på dei lange linene

Fylkesrådmannen legg no fram si tilråding til økonomiplan 2016-19.

Bakgrunn for dette ligg i den store inntektsreduksjonen fylkeskommunen fekk som følgje av nytt inntektssystem, og behovet for å sikre samsvar mellom nytt langsiktig inntektsnivå og driftsrammer i fylkeskommunen.

Justert for alt tildelt tapskompensasjon vert inntektsreduksjonen på 224,5 mill. kr årleg ved fullt utslag i 2019. I fylkesrådmannen si tilråding er det føresett at driftsrammene skal nedjusterast med 167,3 mill. kr årleg frå 2019 – av dette 134,5 mill. kr som følgje av nytt inntektssystem. Dette føreset at fylkeskommunen får politisk gjennomslag for å auke den statlege tapskompensasjonen med nye 22,5 mill. kr kvart år til 90 mill. kr årleg frå 2019.

Fylkesrådmannen si tilråding på sektornivå baserer seg i all hovudsak på tidlegare politisk avklarte tilnærmingar og hovudutvala sine prioriteringar innan eigne sektorar. Når det gjeld fordelinga mellom sektorane og framlegg til eventuell vidareføring av mellombelse tiltak og framtidige innsparingskrav, har fylkesrådmannen ikkje hatt tilsvarande prioriteringar å byggje på.

Fylkesrådmannen si tilråding gjev følgjande sektorrammer:

Økonomiske rammer
 B-2016
 B-2017
 B-2018
 B-2019
   Forvaltning
         145,1
         137,9
         136,9
         126,6
   Opplæring
         830,0
         800,3
         773,4
         749,4
   Tannhelsetenesta
           81,1
           78,6
           73,1
           73,1
   Plan og næring
           95,6
         109,1
         103,0
         102,6
   Kultur
           64,0
           61,3
           61,3
           61,3
   Samferdsle
         918,0
         956,6
         966,9
         958,4
 Sum sektorrammer
     2 133,9
     2 143,8
     2 114,5
     2 071,3

Tabellen under viser tilrådd nivå på innsparingar på den enkelte sektor no, sett i høve til den utgreiingsramma som låg på sektoren.

 
Utgreiings-ramme
Tilrådd ned-justering no
Ikkje nytta
Forvaltning
     30,0
      30,0

        -  

Opplæring
     88,0
      55,7
     32,3
Tannhelse
     11,0
      11,0

        -  

Plan og næring
     11,0
        7,5
       3,5
Kultur
     17,0
        7,8
       9,2
Samferdsle
   130,0
      55,3
     74,7
SUM
   287,0
    167,3
   119,7

Om fylkeskommunen ikkje får gjennomslag for føresett auke i statleg tapskompensasjon, vil driftsnivået måtte reduserast med ytterlegare 90 mill. kr årleg. Dette vil i så fall i størst grad måtte ramme sektorane samferdsle og opplæring. Det har samanheng med at vi alt har teke ut store delar av potensialet på dei mindre sektorane. Skal vi få til ytterlegare nedskjeringar i storleiksorden 90 mill. kr årleg, vil vi måtte vurdere avvikling av heile strukturar på desse sektorane. 

Økonomiplan 2016–19 skal handsamast politisk i hovudutvalsmøta 2. juni.

Kontaktinformasjon:

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut