Foto frå montering av solcellepanel på Sogn jord- og hagebruksskule
Foto frå montering av solcellepanel på Sogn jord- og hagebruksskule

Sogn jord- og hagebruksskule får no solcellepanel som skal vere med og drifte fjøsen, ysteriet og gartneriet på skulen.

Først ute med fylkeskommunale solceller

Sogn og Fjordane fylkeskommune monterer i desse dagar det første fylkeskommunale solcelleanlegget i fylket på Sogn jord- og hagebruksskule.

Anlegget dekkjer eit takareal på om lag 350 kvadratmeter. Installert effekt er ca. 46 kWh, og venta årleg energiproduksjon er ca. 34 000 kWh.

Solcellepanelet kjem fjøsen, ysteriet og gartneriet på jord- og hagebruksskulen i Aurland til gode. Bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen reknar med at drifta av desse tre kjem til å vere nesten heilt dekka av solenergi om sommaren.

Solcelleprosjektet vert realisert saman med bygging av nytt ysteri og renovering av ekstisterande fjøs på skulen og er finansiert med miljøprosjektmidlar. Solcellepanela er intergrert i bygga, dvs. dei er yttertaka på bygga.

Solenergi ligg inne i fleire av dei store fylkeskommunale byggeprosjekta.


Foto frå montering av solcellepanel på Sogn jord- og hagebruksskule

Del dette: