Førebelse KOSTRA-tal for 2013 er lagt fram

Tala må sjåast i lys av at Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit utgiftsbehov som ligg om lag 60 prosent over landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane får difor eit tilsvarande høgt rammetilskot frå staten. Dette forklarer kvifor vi i KOSTRA-statistikken kjem ut med eit relativt høgt utgiftsnivå pr. innbyggar på dei fleste område.

KOSTRA - netto driftsutgifter pr. innbyggar i 2013

Prosentvis lågare kostnadsvekst enn landet elles
Dei førebelse KOSTRA-tala viser at Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt ein prosentvis lågare kostnadsvekst enn både samanliknbare fylke og landsgjennomsnittet utanom Oslo frå 2009–2013. Unntaket er samferdsleområdet.

Fylka vi samanliknar oss med er Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Telemark, Hedmark, Troms og Nordland. Det er dei same fylkeskommunane som vart nytta ved analysen av den økonomiske drifta til fylkeskommunen i 2010.

KOSTRA - prosentvis endring i driftsutgifter pr. innbyggar 2009-2013

KOSTRA-tala skal no kvalitetssikrast i den enkelte fylkeskommune. Statistisk sentralbyrå legg fram endelege tal 15. juni 2014.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf.: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut