Florø-lærar årets entreprenørskapslærar

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna 4. mars fylkesmessa for ungdoms- og studentbedrifter 2015. Førdehuset var fylt opp av entusiastisk entreprenørskapsungdom frå heile Sogn og Fjordane.

- Har de tenkt over at ein stor del av innovasjonskrafta for framtida i fylket er samla her no? Om vi ser inn i glaskula 10-15 år fram i tid er eg overtydd om at fleire av dykk som har stand her i dag vil vere kjente gründernamn både i Sogn og Fjordane og langt utafor fylkesgrensa, sa Kjelsnes i si opningshelsing.

Årets entreprenørskapslærar

Sogn og Fjordane har arbeidd målbevisst med ungt entreprenørskap i mange år, og kan vise til gode resultat i landssamanheng. 225 elevar i lag med 36 engasjerte lærarar var samla på årets messe.

For elevane som driv ungdomsbedrift dette skuleåret, er fylkesmessa 4. mars høgdepunktet, men for nokon stopper det ikkje der: Dei aller beste går vidare til NM i april. Ungdomsbedrift (UB) gir elevar i vidaregåande skule erfaring med bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår etablerer, driv og avviklar elevane ungdomsbedrifta, med ein lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv.

Og ved årets messeopning fekk Torgeir Halvorsen, lærar med Flora vidaregåande skule, prisen for Årets entreprenørskapslærar 2014 i fylket. Elevar ved Flora vgs har ei elevbedrift retta mot Malawi: Norsk-malawisk samarbeid får internasjonal pris

- De vil vere med å skape morgondagens arbeidsplassar, vere med å utvikle forretningsidear og verksemder vi enno ikkje kjenner. De står på terskelen av ei framtid full av mogelegheiter til å skape karrierevegar, og også moglegheita til å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet ditt, sa Kjelsnes til entreprenørskapsungdomen.

Les meir om Fylkesmessa 2015 her på Ungt Entreprenørskap si nettside.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00