Foto av ein ungdom som står og jobbar med noko. Han har på vernemaske. På ryggen hans står det www.pro.sf.no
Foto av ein ungdom som står og jobbar med noko. Han har på vernemaske. På ryggen hans står det www.pro.sf.no

Illustrasjonsfoto: Ida Falkgjerdet Svåi

Flest lærlingar i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har flest lærlingar i høve folketalet.

– Dette er resultatet av politiske satsingar og eit godt og langsiktig arbeid i lærebedriftene, på opplæringskontora og på dei vidaregåande skulane, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Statistisk sentralbyrå publiserte 26. februar nye tal for vidaregåande opplæring, og det er her tal lærlingar kjem fram.

Her er tal lærlingar per 100 000 innbyggjarar fordelt på fylke:

Sogn og Fjordane            1299
Finnmark                          1251
Nordland                          1163
Aust-Agder                       1122
Trøndelag                         1074
Vest-Agder                       1052
Rogaland                          1040
Troms                                1025
Telemark                          994
Møre og Romsdal           962
Hordaland                        955
Oppland                            922
Vestfold                            883
Østfold                              871
Buskerud                          854
Hedmark                          824
Akershus                          605
Oslo                                   350
Heile landet                     867

Les også: Nest flest får læreplass i Sogn og Fjordane

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00