Fjordane tingrett frikjende Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fjordane tingrett har no frikjent fylkeskommunen i saka der ein tidlegare lærling kravde erstatning fordi han vart forsinka med 14 månader i yrkesutdanninga si.

Tingretten kom til at fylkeskommunen ikkje har brote opplæringslova i saka. Vidare kom retten til at fylkeskommunen følgde opp lærlingen i tilstrekkeleg grad i dei 14 månadene han stod utan læreplass. Fylkeskommunen handla såleis ikkje aktlaust overfor lærlingen.

Retten kom til at partane må dekkje sine eigne sakskostnader.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut