Mann og kvinne ved bord signerer avtale
Mann og kvinne ved bord signerer avtale

Foto: Jan Øhlckers

Fjord1-salet i boks

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ført over dei avtalte 26 prosentane av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familien sitt Havila-konsern. Dei eig no 67 prosent av Noregs største ferjerederi.

Havila-eigarskapen skjer gjennom selskapet Havilafjord AS, som er 100 prosent eigd av Havila.

Sjølv om Havila-konsernet no har kontroll med det tradisjonsrike ferjerederiet, har dei valt å ikkje gjere store endringar  i selskapet med det første. Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen held fram som styreleiar. Som ny nestleiar i styret har fylkeskommunen peika ut Vidar Grønnevik, og nytt styremedlem frå Havila blir  Janicke Driveklepp. Bente Nesse frå fylkeskommunen held fram som styremedlem.

Etter ein lang og krevjande prosess er Havila-grunder Per Sævik og Sogn og Fjordane fylkeskommune nøgde med at handelen no er formalisert:

– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldrive, understrekar Per Sævik.

 – Eg er glad denne saka no er løyst. Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år, og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet, seier fylkesordførar Jenny Følling.

For meir informasjon

Per Sævik
Havila
905 92 914

Jenny Følling
Sogn og Fjordane fylkeskommune
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut