Fylkesrådmann Tore Eriksen. Foto: Oskar Andersen
Fylkesrådmann Tore Eriksen. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Fjord1 og konsulentutgifter

Fylkesrådmann Tore Eriksen fekk for eit par dagar sidan spørsmål om kor store konsulentutgifter fylkeskommunen så langt har hatt i den pågåande Fjord1-prosessen. Eriksen ville då ikkje gje ut noko tal, men har no gjort ei ny vurdering av dette.

Grunnen til at fylkesrådmannen i utgangspunktet ikkje ville gje ut tal var at dette kunne gje indikasjonar på kva det vart jobba med og i kva omfang. 

– Eg har gjort ei ny vurdering, og kan opplyse at den greie Fjord1-prosessen til fylkeskommunen – som starta tidleg i 2014 – er politisk initiert. Konsulentkjøpet i heile 2014 var på i storleiksorden 1,6 mill. kr. I den vidare perioden – dvs. fram til medio april 2015 – brukte vi tilsvarande ca. 1,0 mill. kr. Nemnde prosess pågår framleis, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Dei aktuelle midlane er brukte til å kjøpe juridisk og økonomisk spisskompetanse, som fylkeskommunen ikkje har i eigen administrasjon.

– I tilknyting til dette kan eg elles nemne at det vert jobba med store omstillingar i den fylkeskommunale driftsorganisasjonen. I dette arbeidet er det så langt ikkje brukt nemnande konsulentutgifter. 

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut