Fjord1 AS og Sogn og Fjordane Energi AS orienterte fylkestinget

Representantar frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Fjord1 heldt 12. juni den årlege orienteringa for fylkestinget. Dei la fram årsrekneskap og oppdaterte fylkespolitikarane på viktige saker i selskapa.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes innleidde orienteringane med å framføre eigarvurderingar av dei to selskapa. Kjelsnes er fylkeskommunen sin utsending til generalforsamlinga i både Fjord1 og SFE.

Eigarvurdering av SFE
Eigarvurdering av Fjord1

Deretter tok konsernsjef Terje Gjengedal i SFE og styreleiar Reidar Sandal og komande administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 og over. Tema var årsrekneskap og generelt stoda i dei to selskapa.

Presentasjonen til SFE
Presentasjonen til Fjord1

Fylkeskommunen er største eigar i både Fjord1 og SFE. Eigarposten i Sogn og Fjordane Energi er på 48,15 prosent, og gjennom selskapet F1 Holding AS eig fylkeskommunen 59 prosent av aksjane i Fjord1.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568