Jenny Følling står ved Sogn og Fjordane sin stand på fiskerimessa Nor-Fishing 2018. Garn, rep og anna maritimt utstyr heng bak henne.

Foto: Lena Søderholm/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fiskerifylket Sogn og Fjordane synte seg fram på Nor-Fishing

Nor-Fishing er ein viktig møteplass for fiskerinæringa nasjonalt og internasjonalt. Messa har føregått i Trondheim denne veka, og Sogn og Fjordane har vore på plass med eigen fylkesstand med 14 verksemder.

– Bedriftene fortel at dei er godt nøgde med fylkesstanden si utforming og plassering i det mest populære området av messa, hall D. Besøket har så langt vore veldig godt, seier Lena Søderholm, marin fagkoordinator i fylkeskommunen. Fleire bedrifter frå fylket har også hatt eigne stands utanom fellesstanden.

4460 personer tok turen innom messa på opningsdagen, ein auke på 15 prosent frå førre Nor-Fishing i 2016. Deltakarane kom frå 50 ulike land, også det ein auke frå sist.

Fylkesordførar Jenny Følling var til stades på messa tysdag og onsdag, og snakka med tilsette i alle bedriftene frå fylket som var utstillarar på messa.

– Dei fortel at det går svært godt for det marine næringslivet, men at dei fleste har utfordringar med å rekruttere nye tilsette med ønskt kompetanse. Det å få ungdom til å innsjå moglegheitene som ligg i desse næringane, er difor ei viktig oppgåve, seier Følling.

Frå Sogn og Fjordane sin fylkesstand på Nor-Fishing 2018. Det sit nokon folk i ei sofagruppe, og nokon står ved ein benk.
​Mange verksemder og god plass på fellesstanden for Sogn og Fjordane på Nor-Fishing 2018. Foto: Lena Søderholm/Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

Del dette:

Relaterte lenker