Foto av statuen av to kvinneskikkelsar som står og skodar utover. Vi ser statuane, grønt gras i framgrunnen og ein blå, litt skyete himmel i bakgrunnen.
Foto av statuen av to kvinneskikkelsar som står og skodar utover. Vi ser statuane, grønt gras i framgrunnen og ein blå, litt skyete himmel i bakgrunnen.

Illustrasjonsfoto. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fire kunstnarar har fått kunstnarstipend

Fire kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017. Stipenda er fordelt på tre arbeidsstipend og eit stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen.

Dei som får arbeidsstipend er

  • Aud Marit Skarrebo Holmen, Gloppen – 35 000 kr
  • Karen Helga Maurstig, Jølster – 35 000 kr
  • Gro Marie Svidal, Jølster – 50 000 kr

Stipendet til unge kunstnarar i etableringsfasen går til Ole Nilssen i Jølster. Han får 50 000 kr.

To fagjuryar

Sogn og Fjordane fylkeskommune deler ut slike stipend kvart år. To fagjuryar kjem med innstilling til kven som skal få stipend. I 2017 har fagjuryane vore sett saman slik:

Fagjury for bildande kunst og kunsthandverk

  • Erlend Haugen Herstad, hovudval for næring og kultur
  • Arild Bergstrøm, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane
  • Vilde Jensen Hjetland, Norske kunsthåndverkere Vest-Norge

Tverrfagleg jury

  • Sølvi Lien, Sogn og Fjordane folkemusikklag
  • Elise Hessevik, BRAK
  • Siri Ingvaldsen, Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane

For meir informasjon

Sissel Lillebø Aarseth
911 52 030
sissel.lillebo.aarseth@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00