Born i skogen
Born i skogen

Foto: Ronny Solheim

Firda vgs bryt nytt land

Firda vidaregåande skule har fått godkjenning til å starte opp med eit heilt nytt skulefag, kalla klima- og miljøfag, hausten 2016.

Faget er utvikla ved skulen, og er eit unikt tilbod som ikkje finst i landet frå før. Det finst noko klima- og miljøtema i skulefaga frå før, men ikkje i så stort omfang, og utan denne moglegheita til fordjuping. I faget vil ein mellom anna lære om korleis vi kan tilpasse oss og søkje å hindre klimaendringar, om tap biologisk mangfald, korleis handlingane til storsamfunnet, lokalsamfunnet og den einskilde innbyggar påverkar både den fysiske omverda og menneska rundt oss, både dei nær oss og dei langt unna, i dag og i framtida.

Kompetanse for framtida

Dei som veks opp i dag vil møte store klima- og miljøutfordringar både privat og i arbeidsliv. Klima- og miljøfag skal gje elevane naudsynt kompetanse om desse temaa, så dei står godt rusta til å møte ei framtid prega av det grøne skiftet. Det er òg lagt vekt på at elevane ikkje berre skal sitte med teoretisk kunnskap, men òg vere aktive og kome seg ut av klasserommet, og gjere undersøkjingar i både natur og næringsliv utanfor skulen. Faget vert eit valbart programfag i andre og tredje klasse.

Grøn satsing

I Gloppen er det dratt i gang eit prosjekt for å lyfte fram klima- og miljøtema i heile oppvekstsektoren. Prosjektet «Grøn skule» er eit samarbeid mellom kommunen, barnehagene, grunnskulene og Firda vgs. Rektor Hallgeir Hansen ved Firda vgs var ein av initiativtakarane, og det nye klima- og miljøfaget er ein viktig del av denne grøne satsinga. Søknaden om det nye faget vart sendt inn hausten 2015, og gleda var stor på Firda vgs då dei no endeleg fekk positivt svar.

– Dette var ei fantastisk god nyhende vi har venta lenge på! seier Hansen.

Sogn og Fjordane viser veg

Martin Eikeset Koren er lærar ved Firda vgs og prosjektleiar i «Grøn skule». Han har hatt ansvaret for utviklinga av faget og seier

– Det beste er jo at vi meiner vi med dette gjer noko godt for heile kloden og menneskeheita, og at elevane som tek faget vil ha stort utbytte av det. Samtidig syner dette at Firda ikkje berre kan skilte med ein lang historie og gode tradisjonar, men også stadig ligg i forkant og bryt nytt land!

Rektor Hansen legg til:

– Ekstra gledeleg er det at Høgskulen parallelt med dette nye faget skal ha vidareutdanning for lærarar innan same tema på Sandane. Og samtidig startar dei opp ei ny masterutdanning innan klimatilpasning i Sogndal. Dette syner at ting skjer, og at Sogn og Fjordane er med og viser veg i det grøne skiftet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00