Finansutvalet vil ha hovudutvala tettare med i budsjettarbeidet

Finansutvalet i fylkeskommunen har starta arbeidet med budsjettet for 2015. Nytt av året er at finansutvalet utfordrar dei fire hovudutvala til å setje opp lister for å prioritere aktivitetane i dei ulike sektorane alt no i vår.

Med grunnlag i evalueringa av fjorårets budsjettprosess vert årets prosess justert noko. Finansutvalet er godt nøgd med gjennomføringa og med samspelet og informasjonsutvekslinga mellom politisk og administrativt nivå.

Hovudutvala skal på bana tidlegare

Men både politikarane og administrasjonen i fylkeskommunen er samde om at det har vore utfordrande å få hovudutvala godt nok med i prosessen. I fjor kom ikkje hovudutvala på bana før etter sommarferien.

Hovudutvala skal no i løpet av våren 2014 gå gjennom aktivitetane til sektorane sine og rangere desse. Å få på plass prioriteringane til hovudutvala så tidleg i prosessen, skal sikre at fylkeskommunen konsentrerer seg om dei viktigaste oppgåvene når dei økonomiske rammene skal fordelast.

Må truleg redusere driftsnivået

Det er ei stigande erkjenning for både politikarar og administrasjon at fylkeskommunen på sikt må bu seg på å redusere dagens driftsnivå. I budsjettprosessen i fjor la dei vekt på at fylkeskommunen ventar ein større reduksjon i inntektsrammene alt frå 2015.

Dette kombinert med høg lånegjeld, vil kunne gje relativt store økonomiske utfordringar både på kort og lang sikt. Det er venta at kommuneproposisjonen i mai 2014 vil gje naudsynte statlege avklaringar knytt til inntektsrammene.

Viktig grunnlag for vidare budsjettarbeid

Prioriteringslistene frå hovudutvala skal danne grunnlaget for det arbeidet finansutvalet må gjere for å justere utgiftene til sektorane i høve dei samla inntektene til fylkeskommunen.

Dette blir særleg viktig etter at regjeringa i mai legg fram kommuneproposisjonen, og med det varslar kva rammer den fylkeskommunale økonomien får neste år. Det kan òg vere aktuelt å nytte materialet frå hovudutvala til å vurdere omprioriteringar mellom sektorane.

Meir om budsjett- og økonomiplanarbeidet i fylkeskommunen.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568