Film skal lokke kompetanse til fylket

Tre produksjonsselskap konkurrerer no om å få lage filmen som skal syne at Sogn og Fjordane er fylket for framtida.

I dag gjekk fristen ut for å levere inn det reviderte tilbodet til ein ny reklamefilm for Sogn og Fjordane. Filmen er eit samarbeidsprosjekt mellom blant andre Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og NHO og skal nyttast i marknadsføringa av fylket som attraktivt bu- og arbeidsområde.

Filmen skal nyttast for å lokke dyktige og framtidsretta menneske til å flytte til fjord- og fjellfylket.
Aktørar i både privat næringsliv og det offentlege har etterlyst ein slik film, og resultatet skal vere klart i februar 2011.

Primært på nett

Til saman kom det inn sju tilbod frå ulike produksjonsselskap, og dei tre som no er plukka ut til siste tilbodsrunde er Dinamo (Oslo), Pandora Film (Bergen) og Feber Film (Bergen). Kven av dei tre som skal lage filmen, blir klart i veke 39.

Filmen skal primært visast på internett, til dømes på nettstadane til fylkeskommunen, Framtidsfylket, kommunane og verksemder i fylket – og på sosiale nettstader som You Tube. I tillegg vil Framtidsfylket vise fram filmen på karrieremessene dei held rundt omkring i landet, og han skal òg nyttast i andre samanhengar der ein har behov for å syne fram fylket.

Skal skape begeistring

Målet med filmen er å vise fram Sogn og Fjordane som nettopp ”Framtidsfylket” og å rekruttere folk med relevant kompetanse til fylket. Fokus skal difor vere spennande arbeids- og kompetansemiljø i Sogn og Fjordane. Målgruppa er i første rekkje menneske med høgare utdanning mellom 20 og 45 år, og gjennom filmen ønskjer aktørane bak å skape begeistring for fylket.

Det er førebels ikkje klart nøyaktig kva type film det endelege resultatet blir, då alle produksjonsselskapa har levert tilbod på ein dokumentarisk og ein konseptuell film.

Del dette:

Relaterte lenker