Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen
Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Fem vil bli plansjef

Tre menn og to kvinner ønskjer å ta over jobben som plansjef etter Svein Arne Skuggen Hoff.

Stillinga er ledig frå 1. august 2016 og søknadsfrist var 10. april.

Det er fem søkjarar:

  • Øyvind Nondal, Fardal

  • Hilde Sølvberg, Bønes. Noverande stilling: HR leder, Odfjell Drilling

  • John Fredrik Wallace, Tolvsrød. Noverande stilling: Utviklingskoordinator, KS

  • To søkjarar – ein mann og ei kvinne – er unntatt offentlegheit.

Plansjefen er ein del av ei ny organisering i fylkeskommunen sin administrasjon frå 1. april, og leiar 7 – 8 tilsette i fylkesrådmannen sin stab.

Plansjefen har ansvar for regional planstrategi, regional planlegging, klima- og miljøretta planarbeid, plan- og utviklingsretta samarbeid med kommunar, regionale statsetatar og andre samfunnsaktørar og tilhøyrande GIS-, statistikk- og analysearbeid.

Arbeidsstad er fylkeskommunen sin sentraladministrasjon i Leikanger.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut