Fem søkjarar får til saman nær tre millionar kroner i oppreising

Det siste ordinære møtet i oppreisingsutvalet var 6. mars. Der handsama utvalet til saman 15 søknadar og fordelte nær tre millionar kroner.

To søkjarar fekk 725 000 kroner kvar i oppreising, og tre fekk 500 000 kroner kvar.

Fem søkjarar fekk ikkje oppreising då det ikkje var sannsynleggjort at dei var utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep. Fem av søknadane som vart lagt fram for oppreisingsutvalet, vart ikkje handsama fordi dei ikkje stetta vilkåra i ordninga.

Dei 15 søknadane gjeld kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Fristen for å søkje om oppreisinga frå oppreisingsordninga gjekk ut 1. januar 2013. Utvalsmøtet 6. mars er difor det siste ordinære i ordninga. Det er likevel planlagt eit møte i april for å handsame eventuelle klager.

Oppreisingsordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane. Dei ønskjer med dette å gi både ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til personar har vore utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg.

For meir informasjon

Karen Kristine Steingildra
57 65 61 45 / 481 77 249
oppreising@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut