Foto som syner cruiseskipet Britannia til kai i Flåm. I framgrunnen i biletet ser vi ein mann med ein liten unge på skuldrene, som begge ser mot det store skipet. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Foto som syner cruiseskipet Britannia til kai i Flåm. I framgrunnen i biletet ser vi ein mann med ein liten unge på skuldrene, som begge ser mot det store skipet. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Felles cruisestrategi

Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi.

Ein viktig del av strategiprosessen er å lytte til næringa og få fram flest mogeleg innspel til strategiarbeidet. Det vert arrangert ein innspelkonferanse i kvart av dei fire Vestlandsfylka i løpet av hausten 2015.

Sterk auke i talet på cruisegjestar

Talet på cruisegjestar til Noreg har auka kraftig i løpet av det siste tiåret. Det er difor naudsynt å sjå nærare på korleis vi kan utnytte mogelegheita dette gjev, samstundes som vi finn ein god balanse for korleis vi handterer auken.

Forstudie om felles cruisestrategi

Vedtaket i Vestlandsrådet byggjer på forstudien som blei utarbeidd i oktober i 2014. Grunnlaget for strategiarbeidet er mellom anna hovudmålet i nasjonal reiselivsstrategi om ei berekraftig reiselivsnæring, der cruise er ein viktig del. I arbeidet med forstudien kom det inn ei rekkje høyringsinnspel som peikar ut hovudutfordringane strategiabeidet bør sjå nærare på.   

Næringa må med

– Om arbeidet med ein felles strategi for cruise skal munne ut i eit dokument reiselivsnæringane vil stille seg bak, er det avgjerande at vi gjennomfører ein god prosess. Dei som ynskjer det, skal få høve til å kome med innspel, seier prosessleiar Trond Amland.

Han fortel vidare at innspelskonferansane i dei fire vestlandsfylka blir viktige. I tillegg er det avgjerande å sikre at arbeidet baserer seg på fakta og ikkje på synsing.

– I prosessen vil vi difor også samarbeide tett med FoU-miljøa på Vestlandet, slår Amland fast.

Hald av datoane

Interesserte kan alt no merke seg datoane for innspelskonferansane som er under planlegging:

  • Stavanger: 28. september 2015
  • Bergen: 29. september 2015
  • Sogndal: 30. september 2015
  • Geiranger: 1. oktober 2015

Programmet og påmeldinga til konferansane vert opna i midten av august.

Kontaktperson i Sogn og Fjordane:

Ingeborg Lysne McEvoy
ingeborg.lysne@sfj.no
57 63 81 73

Prosessleiar:

Amland Reiselivsutvikling ved Trond Amland  

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00