Fekk høgaste utmerking

Det var 44 spente ungdommar som møtte opp på Gloppen hotell på søndag, då dei fekk den høgaste utmerkinga i 4H

I løpet av eit år skal medlemmane i 4H arbeide med eit sjølvvald prosjekt. Ved godkjent prosjekt og oppmøte på meir enn 50 prosent av møta, få ein kvart år eit merke. Etter sju år når ein toppen og får 4H-plaketten.

– Imponert, glad og stolt

På plass for å dele ut plakettane var fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

– Eg er imponert, glad og utruleg stolt over å sjå så mange flotte ungdommar frå alle kantar av fylket vårt, sa Kjelsnes, som la vekt på at dei hadde god grunn til å vere stolte av seg sjølve.

Nyetablering

Kjelnes fortalte vidare at ho eigentleg var litt misunnelege på ungdommane, for ho fekk aldri moglegheita til å vere med i 4H då ho var ung.

– Eg vaks opp i Årdal i Sogn. Der hadde vi ikkje tilbodet, men no har eg fått vite at det skal etablerast ein 4H-klubb der neste veke, noko eg trur blir utruleg kjekt for ungdommane som blir med, sa ho.

4H har om lag 75 lag i fylket, og er ei verdsomfattande rørsle som starta i USA for over 100 år sidan. Rørsla vart etablert i Norge på 1920-talet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut