Feiring av grunnlovsjubileet på tusenårsstaden Gulatinget 28. juni

I år er det 200 år sidan Grunnlova vart til, og dette skal feirast over heile landet. Hovudfeiringa i Sogn og Fjordane vert eit stort friluftsarrangement med underhaldning, marknad, mat og folkeliv på tusenårsstaden Gulatinget 28. juni.

Feiringa i Gulen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gulen kommune og er del av det nasjonale jubileumsprogrammet.

– Gulatingslova er sentral som bakteppe for danninga av den demokratiske rettsstaten Noreg. Sogn og Fjordane er dermed vertskap for ein arv som er ein demokratisk skatt i nasjonal samanheng. Eg vil be folk i fylket halde av denne datoen og delta på feiringa i Gulen, seier fylkesordførarar Åshild Kjelsnes.

Underhaldning og alvor

Feiringa «Frå Gulating til Storting» 28. juni vil gå føre seg i Gulatingsparken, og hovudprogrammet startar kl. 12.00. Då vert det offisiell opning med helsingar og underhaldning av lokale og kjende artistar. Songarar og musikarar i fylket er inviterte til å medverke i eit stort felleskor og -korps. På kvelden vert det konsert med påfølgjande dans.

«Ungdommens FN» deltek og vil halde appellar om konfliktløysing, makt og samfunnsansvar. Her medverkar ungdom frå fylket saman med United World College i Fjaler og FN-sambandet.

Ordføraren gler seg

I løpet av jubileumsmarkeringa vert det også utstillingar og sceneinnslag frå internasjonale gjester frå blant anna Island, Orknøyane og Shetland. Det blir med andre ord ei storstilt feiring i Gulen 28. juni, og ordføraren gler seg.

– Vi er glade for at hovudmarkeringa av grunnlovsjubileet i Sogn og Fjordane vert lagt til Gulen. Det var her det starta for 1100 år sidan. Her samlast representantar frå Agder-fylka i sør til Ålesund i nord for å diskutere lover og rettar. No gler vi oss stort til juni og ser fram til eit innhaldsrikt program, seier ordførar Hallvard Oppedal.

Arven frå Gulatinget

Gulatinget formidlar ein viktig nasjonal og internasjonal kulturarv. Det var her den norske representative styringsforma starta. Gulatinget og Gulatingslova dannar grunnlaget for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med folkestyre.

Lova er den eldste rettskjelda vi har i både Noreg og Norden, og spora attende til Gulatinget er tydelege i Grunnlova frå 1814. Difor er Gulatinget ein svært naturleg del av årets grunnlovsjubileum. Du kan lese meir om Gulatinget på Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Ingebjørg Erikstad
fylkesdirektør for kultur
e-post: ingebjorg.erikstad@sfj.no
tlf.: 415 30 941

Espen Selvik
Gulen kommune
tlf.: 409 24 700
e-post: espen.selvik@gulen.kommune.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut