Foto frå avduking av plakett for Kongevegen, ved markeringa av at vegen vann den europeiske kulturminneprisen 2017. Plaketten er omringa av representar frå kommunane Vang og Lærdal, fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Oppland, Statens vegvesen, EU m.m.
Foto frå avduking av plakett for Kongevegen, ved markeringa av at vegen vann den europeiske kulturminneprisen 2017. Plaketten er omringa av representar frå kommunane Vang og Lærdal, fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Oppland, Statens vegvesen, EU m.m.

Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Feira gamal og ny veg over Filefjellet

Det var vegfest i Lærdal og Vang 29. september. Då var det avduking av plakett for og feiring av europeisk pris til Kongevegen og ikkje minst opning av ny delstrekning på E16 over Filefjellet.

Kongevegen over Filefjell vann EU sin kulturminnepris/Europa Nostra-prisen for 2017. Det ein av dei mest prestisjetunge utmerkingar innanfor kulturminnesektoren i Europa. Utdelinga var i Finland i mai, og fredag 29. september var tida komen for å markere prisen på heimebane.

Avduka plakettar

Det var ein høgtidleg seremoni på begge sider av fjellet, med avduking av plakettar som bevis på pristildelinga. Det var talar ved blant andre ordførarane i både Lærdal og Vang, fylkesordførarane i både Sogn og Fjordane og Oppland, fungerande vegdirektør Bjørne Grimsrud og EU-ambassadør Thierry Béchet.

– Å få den europeiske kulturminneprisen for arbeidet med å revitalisere Kongevegen er ei stor anerkjenning av det omfattande arbeidet som er lagt ned for å formidle denne viktige delen av vår kulturarv vidare til dagens og framtidas generasjonar, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Kongevegen stod ferdig i 1790-åra og var den første køyrbare vegen – rett nok med hest og vogn – mellom aust og vest. Den gamle ride- og kløvvegen har sidan blitt erstatta av fleire nye generasjonar vegar, der dagens E16 er den siste.

Opna 20 km ny veg

E16 er oppgradert kraftig dei siste åra med nye vegtrasear og opprusting av eksisterande vegtrasé. Det førebels siste vart opna i samband med feiringa av Kongevegen. Då opna 20 kilometer ny veg, inkludert den nye Filefjellstunnelen. Strekninga er det tredje av totalt fire delprosjekt. Det siste prosjektet er planlagt opna hausten 2018.

Fredag 29. september vart altså ei feiring av nytt og gamalt, der ein markerte at ein har teke vare på og rusta opp ein av dei første statlege, bygde vegane i landet og samstundes opna ny veg.

Les òg

Prisdryss over Kongevegen
Europeisk kulturminnepris til Kongevegen

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00