Fagskulen samarbeider med næringslivet

Fagskulen i Sogn og Fjordane legg opp til tett samarbeid med næringslivet i fylke, og har som mål å leggje styremøta sine til bedrifter dei samarbeider med. Førre styremøte vart lagt til firma Åsen og Øvrelid as i Førde.

På styremøtet hjå Åsen og Øvrelid as 20. mai vart den partnarskapsavtalen mellom bedrifta og fagskulen forlenga. Dagleg leiar i Åsen og Øvrelid Leif Arne Åsen og rektor ved fagskulen signerte avtalen.

Dette er ein del av styret for Fagskulen i Sogn og Fjordane sitt mål om å leggje styremøta sine til samarbeidande bedrifter rundt om i fylke.

Del dette:

Relaterte lenker