Foto som syner ein golfspelar som står krøka med kølla klar til eit lite slag. Det står andre menneske rundt, det er grønt gras og sol.
Foto som syner ein golfspelar som står krøka med kølla klar til eit lite slag. Det står andre menneske rundt, det er grønt gras og sol.

Synfaring på Sunnfjord Golfklubb på Vassenden var del av fagsamlinga 29. august. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg

Alle kommunane i fylket var inviterte på fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg tysdag 29. august. Tema var hovudsakleg spelemidlar, dagsturhytte-prosjektet, samt synfaringar hjå nybygde idrettsanlegg.

Fylkeskommunen arrangerte samlinga, som starta med ein grundig gjennomgang av det nye og forbetra søknadssystemet for spelemidlar.

Gjennomgang og opplæring

Systemet skal vere klart frå 1. oktober og er utvikla av Lotteri- og stiftingstilsynet, som også stod for gjennomgangen og opplæringa. Representantane frå kommunane fekk høve til å komme med tilbakemeldingar og forslag til forbetringar, som tilsynet tek med seg i vidareutviklinga.

Kommunane fekk også informasjon om fordelinga av spelemidlane i 2017, samt om endringar i føresegnene for tildeling i neste søknadsrunde.

Dagsturhytta

I tillegg deltok Egil Sagstad frå Reknes Byggjevarer for å informere om framdrifta i dagsturhytte-prosjektet. Han viste teikningar av hytta, samt informerte om planen for transport og levering. Dei seks første hyttene vert leverte i haust, medan resten vert leverte i 2018.

Ny rulleskiløype på Langeland

Deltakarane på fagdagen var også på synfaring på tre nye idrettsanlegg, som er delfinansierte av spelemidlar. Det første besøket gjekk til Langeland Skisenter og den nye rulleskiløypa.

Her informerte Kjetil Bjørset og Ole-Jakob Sande om planlegginga og bygginga av anlegget, samt om mogelegheitene og planane for bruken av skiløypene. Dette er det einaste interkommunale idrettsanlegget i fylket. Anlegget er reist ved hjelp av investeringsbidrag frå både Førde og Gaular kommune, noko som gjev inntil 30 prosent påslag i spelemidlar.

Synfaring og orientering på rulleskianlegget på Langeland skisenter i Gaular.
Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vitja barnegolfanlegg

Vidare gjekk turen til Sunnfjord Golfklubb på Vassenden. Her har dei bygd eit nytt barnegolfanlegg, med tre mindre baner for yngre golfspelarar.

Bygginga er så og seie ferdig, men i løpet av hausten skal det setjast opp flomlys, noko som vil gjere bana til ei av få  opplyste golfbanene i Noreg. Leiv Årseth og Arvid Årseth orienterte om bygginga.

Multisportsanlegg i Jølster

Deretter gjekk turen til Jølster Skisenter. Der byggjer Jølster Alpint eit multisportsanlegg for utandørs barmarkstrening. Dette er eit relativt nytt konsept der ein har laga ei hinderløype med ulike fysiske utfordringar som utfordrar heile kroppen når det gjeld både styrke og kondisjon.

I tillegg inneheld anlegget fleire utandørs styrketreningsapparat som ein kan nytte til barmarkstrening. Ideen til anlegget kom frå Fabian Bergqvist i Jølster Alpint etter eit besøk hjå Oppdal Skigymnas, og bygginga har vore leia av Birger Fugle.

Fylkeskommunen følgjer spent med på utbygginga av dette anlegget med tanke på å etablere fleire slike anlegg til dømes ved idrettsparkar og ungdomsskular i fylket.

Knut Roger Nesdal frå Gloppen kommune orienterer om Trivselsskogen på ei fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg i september 2017.
​Foto: Foto: Frank Tore Farsund Tveit/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Orienterte om junior-NM

I tillegg informerte Atle Hamar i Jølster Alpint om arbeidet dei gjer i samband med renn som vert arrangerte ved Jølster Skisenter og om Junior-NM i slalåm i 2019, som skal arrangerast i Jølster.

Til slutt hadde Knut Roger Nesdal frå Gloppen kommune eit kort føredrag om utviklinga og bygginga av Trivselsskogen på Sandane. Dette er eit sentrumsnært lågterskeltiltak for friluftsliv og fysisk aktivitet der ein kan gå både korte og lengre turar på tilrettelagde stiar.
Knut Roger Nesdal frå Gloppen kommune orienterer om Trivselsskogen på ei fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg i september 2017.
Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyttige lenker

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet, nærings- og kulturavdelinga
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00