Fagbrev på jobb

Stortinget har vedteke ein ny modell «fagbrev på jobb».

Fagbrev på jobb er ein alternativ veg til fag- og sveinebrev for vaksne personar som er i arbeid, der bedrifta ønsker å teikne kontrakt.
Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring.

Dei har noko praksis i faget, men treng rettleiing og opplæring før dei kan gå opp til fag-/sveineprøva.

Fagbrev på jobb skal gje personar høve til å kunne få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, eventuelt realkompetansevurdering og opplæring kombinert med praksis under rettleiing.

Ordninga er ikkje sett i verk, kva tid denne modellen er operativ kan vi så langt ikkje sei noko om. Vi ventar meir informasjon frå Utdanningsdirektoratet, og vil legge ut på nettsida all naudsynt informasjon når den ligg føre.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Reidun Liljedahl Fimreite
Seniorrådgjevar
reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no
415 30 973

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00