Oversiktbilete av idrettsplassen i Hyen.
Oversiktbilete av idrettsplassen i Hyen.

Idrettsplassen i Hyen i Gloppen er blant anlegga som har søkt om spelemidlar i år. Det er søkt midlar til friidrettsdelen, kunstgras for fotball og rehabilitering av symjebassenget i bygget til venstre. Foto: Per Koppedal

Får historisk mykje i spelemidlar

Regjeringa har løyvd 53 266 000 kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012.

– Dette er svært gledeleg for alle innbyggjarane i fylket. Det gode resultatet kjem av mange godkjende søknader, stort dugnadsengasjement i frivillige lag og organisasjonar og betre kompetanse i kommunane. Søknadsmassen er svært stor i 2017 og har stor variasjon og oppfyller visjonen til arbeidet på feltet, som er fysisk aktivitet for alle, seier rådgjevar fysisk aktivitet og idrett, Atle Skrede.

Resultatet av det gode arbeidet er at Sogn og Fjordane i år får meir spelemidlar enn meir befolkningsrike fylke som Troms, Hedmark og Telemark.

Ventetida går ned

I år kom det inn 346 søknader til ein samla søknadssum på 211 millionar kroner. Ventetida for søkjarar som har søkt midlar til anlegg, vil med dagens løyving gå ned og vere på vel tre år for idrettsanlegg og om lag to år for nærmiljøanlegg. Dette betyr mykje for dei som medan dei ventar på midlar, kan redusere tida med mellombelse lån. For tre år sidan var ventetida for idrettsanlegg fem år.

– Det viktigaste verkemiddelet staten har i idrettspolitikken, er anlegg for å trene og drive fysisk aktivitet. Det vert ein fryd å legge fram denne saka og formidle at ventetida går ned, seier Skrede.

Ny ordning for nye anleggstypar

På landsbasis har regjeringa i år løyvd om lag 2,6 milliardar i spelemidlar. 1,32 milliardar vert sette av til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg. Dette er ein auke på 123 millionar kroner frå 2016.

Det vert i år i tillegg innført ei ny tilskotsordning for å stimulere til bygging av nye anleggstypar for eigenorganisert aktivitet, som til dømes FYSAK-hus, som kan vere tilrettelagde for til dømes skating, trampoliner og klatring.

Spelemidlane vert fordelte i hovudutval for næring og kultur 30. mai og skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.

Utviklinga av spelemidlar til fylket

2011

22 797 000

2012

24 740 000

2013

30 178 000

2014

29 091 000

2015

37 100 000

2016

45 823 000

2017

53 266 000

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00