Får 3,4 millionar i oppreising

I sitt første møte 16. mars, innvilga oppreisingsutvalet fem søknader om oppreising til personar som har vore utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Dei fem får til saman 3,4 millionar kroner. – Vi meiner det er både rimeleg og viktig at søkjarane no får slik oppreising, seier utvalsleiar Arvid Mellingen.

Oppreisingsutvalet hadde sitt første møte onsdag 16. mars, og dei handsama der fem søknadar om oppreising. Alle fem vart innvilga. Fire av søkjarane fekk 725 000 kroner i oppreising, og ein fekk 500 000.

12 har søkt om oppreising

Leiar for utvalet, Arvid Mellingen, meiner det er ei svært viktig sak kommunane no har teke tak i.

– Oppreisingsutvalet meiner det er rimeleg og viktig at søkjarane får oppreising. Dei har hatt vonde opplevingar i barndommen, som har påverka dei sterkt opp gjennom livet, seier han.

Det er så langt kome inn tolv søknadar om oppreising, og utvalet skal ha nytt møte 22. juni.

Orsaking utan atterhald

Den felleskommunale oppreisingsordninga er oppretta for at kommunane i Sogn og Fjordane vil gje ei oppreising til personar som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna kommunal plassering. Alle kommunane i fylket er med i ordninga, som vert administrert av fylkeskommunen.

Kommunane ønskjer å ta eit moralsk ansvar for, og gi ei oppreising og ei orsaking utan atterhald, til disse personane. Det kan søkjast om oppreising heilt fram til 1. januar 2013.

Meir informasjon om oppreisingsordninga, søknadsskjema og kontaktinformasjon, finn du her.

For meir informasjon

Merete Myklebust
Sekretariatet for oppreisingsordninga
E-post: oppreising@sfj.no
Telefon: 57 65 61 81

Del dette:

Relaterte lenker