Sogndal videregåande skule kantine
Sogndal videregåande skule kantine

Sogndal videregåande skule måndag. Foto: Tommy Bäckstrøm Vikdal

Evakuering ved Sogndal vgs

Fleire bygg på Fosshaugane Campus vart evakuert måndag, grunna gassutvikling etter eksplosjon i eit sikringsskap. Aktiviteten ved Sogndal videregåande skule i Lines-bygget vart ramma, men undervisninga går no som vanleg.

Stadionbygget, Lines, Sognahallen og Skotet vart evakuert etter eksplosjonen og gassutviklinga måndag morgon. Brannvesenet fekk brannalarm frå Fosshaugane Campus 09:48 måndag.

Dei fylkeskommunale bygga ved Sogndal videregåande skule vart ikkje ramma. Skulen leiger lokaler i Lines og elevar på idrettsfag og helse- og oppvekstfag måtte evakuerast og avbryte undervisninga.

Rundt lunsjtider gjekk aktiviteten igjen som vanleg i Lines-bygget.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00