Erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Flora kommune inviterer til erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre på Skei hotell 30. mai.

Konferansen er ein del av arbeidet med å utvikle ein kunnskaps- og erfaringsbasert modell for førebyggande heimebesøk til eldre. Her legg vi til rette for å dele erfaringar og samarbeide for å få ein god modell for førebyggande heimebesøk.

Målgrupper for konferansen er leiarar og fagtilsette innan helse og omsorg, folkehelsekoordinatorar og andre som har interesse og ansvar for fagfeltet.

Betre tryggleik og helse for eldre

Prosjektet har fleire mål:

  • førebyggande heimebesøk skal bidra til betre tryggleik og helse for eldre
  • flest mogeleg kommunar skal etablere ordningar med førebyggande heimebesøk
  • besøka skal byggje på erfaringar og forskingsbasert praksis

I den nye folkehelselova og samhandlingsreforma skal det førebyggande arbeidet aukast og rettast inn mot alle sektorar. Det primærførebyggande arbeidet er såleis styrkt, og handlar om å halde folk friske og skadefri, for på sikt å bruke mindre ressursar på å behandle sjukdom og skadar. Det handlar om eigenmestring og trivsel for å styrke livskvalitet og helse.

Program for konferansen

Meld deg på konferansen

Påmeldingsfristen er 16. mai.

For meir informasjon

Heidi Ekehaug
Sogn og Fjordane fylkeskommune
456 61 994

Marta Strandos
Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane
415 26 416

Leni Klakegg
Flora kommune
924 11 182

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette