Endringar i ordninga med differensiert arbeidsavgift?

Det kan få store konsekvensar for Sogn og Fjordane når ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vert endra neste sommar (1. juli 2014).

Fylkesordføraren orienterte 21. august fylkesutvalet om endringa som er vedteken av EU. Denne får, på grunn av EØS-avtalen, følgjer også for den norske ordninga.

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta gjer at arbeidsgjevarar i distrikta betalar mindre enn det dei gjer i sentrale strok. Alle kommunane i Sogn og Fjordane, utanom Sogndal, Førde og Flora, har i dag redusert arbeidsgjevaravgift på 10,6 prosent, mot «normalen» 14,1.

Sogn og Fjordane ute per no

Det nye EU-regelverket opnar framleis for differensiert arbeidsgjevaravgift som distriktspolitisk verkemiddel, men for eit mindre område enn i dag. Ordninga har fram til no også omfatta Sogn og Fjordane og til dømes Nord-Trøndelag, men desse fylka står utanfor «nyordninga» slik ho ser ut per i dag. Nordland, Troms, Finnmark, Hedmark og Oppland er inne.

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta vert rekna som driftsstøtte. Slik støtte er berre lov i særs grisgrendte strok, og ordninga gjeld i utgangspunktet på regionnivå. Sogn og Fjordane dannar saman med Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal ein region, som har eit for høgt innbyggartal per kvadratkilometer til å få støtte.

Kommunesektoren vil truleg framleis vere omfatta av ordninga.

Mogleg fleksibilitet

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) drøftar no fleksibiliteten i avtalen med både EU-kommisjonen og kontrollorganet ESA.

Det er mogleg KRD i dialog med ESA kan byte ut nokre delar av ein region med særs tynn busetnad med område med høgare folketettleik, men det står att å sjå kva ein her får til. Nøkkelen til fleksibilitet kan liggje i dialogen mellom KRD og ESA.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har saman med den politiske leiinga i Nord-Trøndelag fylkeskommune avtalt eit møte med KRD om denne saka tidleg i september. Det er svært viktig for næringslivet i Sogn og Fjordane at ordninga held fram som i dag.

Meir om differensiert arbeidsgjevaravgift

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
e-post: tore.eriksen@sfj.no
tlf: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut