Heim/Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget sett frå aust

Foto: Frequency AS

Endeleg får Måløy vidaregåande skule opne opp for undervising for alle klassetrinn.

Gjennom regjeringa si plan for tilbakevending til normalen, vil dei vidaregåande skulane opne for undervising att etter lokale planer i veke 20 (frå 11. – 15. mai)

For Måløy vidaregåande skule sitt vedkommande er den førebelse plana for opning av skulen vedteke  gjennomført slik (OBS! Endringar kan komme i løpet av måndagen):

Måndag 11.mai: Ingen nye elevar utover dei elevane som allereie har starta opp undervisinga.

Tysdag 12.mai: Då møter 1BAA, 1RMA, 2STA

Onsdag 13.mai: Då møter 1HSA, 1STA, 1TPB, 1YSK, 2MAB, 2YSK, 3STA og 4YSK

Torsdag 14.mai: Då møter 1NAA, 1TPA, 2MAA

Måndag 18.mai: 3YSK

For å overhalde smittevernreglane, vil klassene få informasjon om kor tid dei skal ha nettundervising, og kor tid dei skal ha klasseromsundervising når dei møter fyrste dag på skulen. På grunn av smittevernkrav, vert det framleis ein del nettundervising og heimeskule, og elevane vil ikkje ha full undervisingsveke på skulen. Elevane vil få nærare informasjon via Teams frå eigen kontaktlærar.

Dei elevane som er i risikogruppa for smitte, må snarast ta kontakt med sin kontaktlærar og informere om dette, og få avklart korleis undervisinga vert for deira del. Desse elevane skal førebels ikkje møte på skulen. Kontaktlærarane vil informere klassene etter kvart som planane vert ferdige.

Vi ønskjer alle elevane velkomne tilbake til skulen. Vi saknar dokke.