Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag. Nye elevar som startar i VG1 for fyrste gong kan kjøpe subsidiert elev-pc gjennom Atea.
Du har to val:
Dette tilbodet er berre for deg som skal starte i VG1 ved ein offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane for fyrste gong, og har ungdomsrett til vidaregåande utdanning.
Du kan velje mellom ein grunnmodell og ein kraftigare modell. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.
Utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du treng å betale for grunnmodellen. Fylkeskommunen dekker resten. Hugs å søke om utstyrsstipend frå Lånekassen.
Klikk her for meir informasjon om vilkår, betaling og levering.