Eigarskiftet i Fjord1 Nordvestlandske AS er gjennomført

Havila AS har no overteke Møre og Romsdal fylkeskommune sine 41 prosent av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske AS. Havila og Sogn og Fjordane fylkeskommune er samde om fordelinga av styreplassane i Fjord1 etter eigarskiftet. 13. oktober vert det gjennomført suppleringsval til styret fram til det nye fylkestinget peikar ut medlemer i styret og bedriftsforsamlinga.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila er samde om at Havilla skal ha to av åtte medlemer i styret og åtte av 18 medlemer i bedriftsforsamlinga. Det er bedriftsforsamlinga som vel nytt styre – i møte 13. oktober.

Valet av dei nye representantane til fylkeskommunen er suppleringsval og gjeld fram til det nye fylkestinget er konstituert og har peikt ut nye representantar. Frå fylkeskommunen kjem det framlegg om Heidi-Kathrin Osland (SV) som ny styrerepresentant, med Per Arne Tveit (SV) som vararepresentant.

Havila kjem med framlegg om Vegard Sævik og Lars Pamer som sine styremedlemer.

Det nye styret

Fjord1-styret har til saman åtte medlemmar, to tilsetterepresentantar, to frå Havila og fire – inkludert styreleiaren – frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det nye styret vil frå 13. oktober slik ut:
Jarle Skartun (leiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune) (Sp)
Åshild Kjelsnes (Sogn og Fjordane fylkeskommune) (Ap)
Edith Aarebrot Madsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune) (H)
Heidi-Kathrin Osland (Sogn og Fjordane fylkeskommune) (SV) - NY
Vegard Sævik (Havila)
Lars Pamer (Havila)
Olav Støbakk (tilsetterepresentant)
Atle Olav Trollebø (tilsetterepresentant)

Det kjem òg framlegg om Per Sævik som observatør i det nye styret.

Ny leiar av bedriftsforsamlinga

Nestleiar Mathias Råheim (H) er Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kandidat som ny leiar av bedriftsforsamlinga. Generalforsamlinga har i dag valt Klaus Iversen (V) som fylkeskommunen sitt nye medlem i bedriftsforsamlinga.

Desse er valde som Havila sine medlemer i bedriftsforsamlinga:
Njål Sævik
Hege Sævik Rabben
Jill Aasen
Hallvar Ulfstein
Rigmor Storås

For meir informasjon, ta kontakt med

Jan Øhlckers
Fylkesrådmann
Telefon: 415 30 963
E-post: jan.ohlckers@sfj.no

Per Sævik
Havila A/S
905 92 914

Del dette:

Relaterte lenker