fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen sit ved møtebord i møte i fylkesutvalet. andre rundt bordet på bildet er Aleksander Øren Heen, Sigurd Reksnes og Gunnhild Berge Stang.
fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen sit ved møtebord i møte i fylkesutvalet. andre rundt bordet på bildet er Aleksander Øren Heen, Sigurd Reksnes og Gunnhild Berge Stang.

Jenny Følling (til høgre) i møte i fylkesutvalet 3. august.

Eigarpost i F1Holding/Fjord1

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har i dag, etter ei heilskapsvurdering, vedteke å ta Konkurransetilsynet sitt vedtak i saka om sal av eigarandelar i F1 Holding/Fjord1 til vitande og ikkje påklage dette.

Fylkestinget vedtok i november 2015 at fylkeskommunen skulle gjennomføre eit gradvis nedsal i F1 Holding/Fjord1. Føretrekt kjøpar var Torghatten ASA.

Slike saker skal vurderast av Konkurransetilsynet og tilsynet har no lagt ned forbod mot transaksjonen.

Partane kan etter systemet klage dette vedtaket inn for Nærings- og fiskeridepartementet.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har i dag, etter ei heilskapsvurdering, vedteke å ta tilsynet sitt vedtak til vitande og ikkje påklage dette.

Fylkesutvalet er informert om at Torghatten ASA inntek same standpunkt.

Dette inneber at den transaksjonen fylkeskommunen gjorde vedtak om er avslutta.

Fylkeskommunen kan elles opplyse at det økonomiske mellomverande  mellom fylkeskommunen og Torghatten vil bli regulert av avtaleverket mellom partane.    

For fylkeskommunen sin del betyr det at vi no ev. kan vurdere andre løysingar, dette må vi i så fall kome attende til.

Forbyr kjøp av Fjord1
Fjord1 - felles uttale
Fjord1 - vedtak lovleg
Dokument i Fjord1-saka

kontaktperson:
Jenny Følling
fylkesordførar
Sogn og Fjordane fylkeskommune
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713